Søk
  • Shakespeare i karantene

Pest, nytelse og handlekraftige kvinner hos Shakespeare – Intervju med Maria Horvei


Maria Horvei er redaktør i Vinduet og holder for tiden på med en rekke arrangemenger som strømmes fra Nasjonalbiblioteket, med sikte på entusiastisk formidling av Shakespeare. Ingen diktere er mer innvevde i vår kollektive bevissthet enn William Shakespeare, men allikevel kan tekstene hans oppleves fjerne for mange i dag. Det har Horvei sammen med kritiker Maris Emanuelsen villet endre på.  

- Er tidspunktet for seminarrekken tilfeldig, eller har koronakrisen noe med saken å gjøre?

Det er tilfeldig, faktisk! Marius kom til meg med ideen om ein samtaleserie om Shakespeares skodespel allereie i fjor, og så hadde me lina opp to samtalar på Bergen Offentlige Bibliotek og fire på Nasjonalbiblioteket i løpet av mars, april og mai. Det gjekk jo ikkje heilt etter planen. Men Nasjonalbiblioteket snudde det om til eit fint digitalt opplegg, og så håpar me å ta det live i Bergen – og kvar enn det elles kan vere råd – til hausten. 

Når det er sagt, er det mange gode årsaker til at koronatid er ei god tid for Shakespeare. Pest og stenging av teatra var sjølvsagt noko som øvde heilt reell påverknad på Shakespeare sitt arbeid. Og dei som har meir tid til overs i desse dagar, må svært gjerne bruke den på Shakespeares samla verk. I tillegg er det noko anna, som eg syns det er vanskelegare å formulere, men det har noko med alvoret i situasjonen å gjere. Akkurat no vert Shakespeare knapt spelt på ei einaste scene i heile verda, og det er ein usigeleg trist tanke. Dette opplegget er ein fattig trøyst, men kanskje ein trøyst likevel. 

Hvis du skal trekke fram en grunntematikk hos Shakespeare som opptar deg, hvilken vil det være og hvorfor?

– Det er vanskeleg å halde fram éin tematikk, for det eg heile tida kjem tilbake til, er skildringane av kva det vil seie å vere eit menneske i verda: Korleis han skildrar skam, hovmod, glede, sjalusi – ja, alle kjenslene ein kan ha her i verda, på ein måte som ikkje kan overgåast. Men om eg skal vere litt mindre generell, så vil eg trekke fram tematiseringa av grensesetting i Shakespeare, spesielt sett opp mot kropp, kjønn og seksualitet. Det er noko som kjem spesielt sterkt til uttrykk i dei seinare stykka, der seksualiteten er ei sterk og potensielt øydeleggjande kraft, og det å navigere korrekt etter skrevne og uskrevne reglar vert lossa med enorm vekt. 

Dere har forløpig snakket om Shakespeares tragedier og komedier, neste tema er lyrikk. 

– Er Shakespeares lyrikk like kompleks og variert i hva den omtaler som stykkene hans?

– Det er snakk om ein mindre produksjon – to lange og to kortare einskildikt, i tillegg til dei 154 sonettene – så litt mindre kaleidoskopisk er det jo. Færre som blir drept av pirater, kan du seie. Men lyrikken er ikkje mindre rik av den grunn, og fleire av dei same temaa som vert handsama i dramatikken gjennomsyrar også lyrikken. Både «Venus & Adonis» og «The Rape of Lucrece», dei to langdikta som var Shakespeares største claim to fame i hans eige samtid, tek begge for seg seksuell makt og korleis denne kan brukast og misbrukast, på måtar som peiker framover mot stykke som Measure for measure og Cymbeline, til dømes. Sex som ei kjelde ikkje berre til nyting, men også til skam og sjølvforakt vert også fantastisk godt tematisert i sonettene – som jo er den mest komplekse og varierte delen av Shakespeares lyriske virke. Den kvaliteten som eg snakka om over, om skildringa den menneskelege eksistensen, vert her para med eit snakkande diktar-eg som ikkje er til stades i dramatikken, noko som sjølvsagt gjer noko med effekten. Eg er skeptisk til å tvinge sonettane inn i ei biografisk lesing, men dei pustar av levd liv, det er sikkert. 

Synes du det er mulig å få et slikt forhold til Shakespeare som man gjør til andre forfattere man leser alt av, eller er han for god til å skjule seg?

– Det er vanskeleg å lese sonettene utan å kjenne seg nær på personen som skreiv dei, og det er vel også ein viktig grunn til at dei framleis vert lest så breitt. Som person er William Shakespeare likevel mykje fjernare enn ein Charles Dickens, ei Virginia Woolf eller ein Ernest Hemingway. Ikkje berre fordi me har mangelfull kjennskap til biografien hans, men også fordi det reint faktisk er 400 år sidan han levde. Å late som om den avstanden ikkje er betydningsfull, tilfører ikkje så mykje til lesinga, syns eg. Noko av det Marius og eg er opptekne av, er å sjå på korleis Shakespeare var sterkt bunden til si eiga tid i arbeidet sitt – han var aldri per definisjon tidlaus – og utifrå dette stille spørsmålet om kva det er som framleis snakkar med oss. Det er interessant å sjå på korleis barnlausheita til Elisabeth I var med på å forme historiespela, og så stille det uunngåelige oppfølgingsspørsmålet: Kvifor bryr me oss framleis om dei same spela i dag? 

Dere var i samtalen om Shakespeares tragedier innom kvinnene i en del av stykkene hans, som Rosalind, Celia, Portia.

– Er det noen annen måte kvinnene i Shakespeares univers kan finne handlekraft på, enn å kle seg ut som menn?

– Det finst nokre handlekraftige kvinner i kvinneklede også – dronning Margaret i Henrik VI-stykka, til dømes, eller Paulina i The Winter’s Tale. For ikkje å snakke om Lady Macbeth! Men også desse kvinnene er nøydde til å navigere i eit grunnleggjande patriarkalsk system, og må enten kaste all si makt bak ein mann, eller finne ein annan måte å handtere han på. Det finst dessutan fleire kvinner som i utgangspunktet har solid agens, men som taper den etter kvart: Tenk på Desdemona, som i byrjinga av Othello har trassa far sin for å gifte seg med mannen ho elskar, eller Katherine i Taming of the Shrew, som nektar å gifte seg i det heile tatt. Men Desdemona tek ikkje til motmæte mot Othellos sjukelege sjalusi og audmjuking av ho, og Katherine vert jo «temmet». (Eller blir ho det?). Men det skal Shakespeare ha, då: Medvitet om kor urettferdig dei vert handsama, er ein del av premisset. 

– Hvem er du hos Shakespeare (eller er det noen av karakterene hans du tar deg i å spille på verdens scene)?

– Eg kan umogleg svare noko anna enn Mercutio på det spørsmålet. 

I morgen, tirsdag 26. mai, er det igjen duket for digitalt arrangement med Maria Horvei og Marius Emanuelsen. Denne gangen om Shakespeares lyrikk: https://www.facebook.com/events/2829427610503583/




– Eg er skeptisk til å tvinge sonettane inn i ei biografisk lesing, men dei pustar av levd liv, det er sikkert, sier Vinduet-redaktør Maria Horvei om Shakespeares sonetter. Foto: André Løyning

159 visninger

©2020 by Shakespeareikarantene. Proudly created with Wix.com

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now