Portia
Shakespeare - akkurat no!
BOKANMELDELSE: Rolv Nøtvik Jakobsen om James Shapiros brennaktuelle, nye bok: Shakespeare in a Divided America.

I ei tid der teatersalar gradvis er i ferd med å opne opp igjen etter Korona-stenging, er det på høg tid å lese James Shapiros innsiktsfulle bok om Shakespeare i Amerika. Shapiro viser kor viktig Shakespeare er for å forstå det som skjer i den såkalla verkelege verda. Stadig? Ja. For under den første amerikanske presidenten som ikkje er oppteken av Shakespeare i det heile, er det viktigare enn nokon gong å lese og setje opp Shakespeare på nytt.
James Shapiro er professor ved Colombia-universitetet i New York og har mellom anna skrive dei to klassikarane 1599: A Year in the Life of William Shakespeare og 1606: William Shakespeare and the Year of Lear. Som for dei aller fleste som bur i New York var utfallet av det siste presidentvalet for snart fire år sjokkerande og skuffande for Shapiro. Hans kollega, Holberg-prisvinnaren Stephen Greenblatt utgav for to år sidan den storarta boka Tyrant. Shakespeare on Power. Som tittelen lovar er det ein kyndig gjennomgang av viktige teaterstykke av verdas største dramatikar. Samtidig er boka eit forsøk på å finne ut kva som skjer, særleg i amerikansk politikk for tida. Med eit uttall gode eksempel viser Greenblatt korleis tyrannar kjem til makta i Shakespeares stykke, kva lyssky grep dei gjer ved å halde seg ved makta, men også korleis motstand mot tyrannar er mogleg. Trump blir ikkje nemnd direkte i teksten, men i etterordet er Greenblatt tydeleg på at dette er ei bok han berre måtte skrive etter Trumps uventa valsiger.
Shapiro vart for sin del konsulent ved ei oppsetjing av Shakespeares klassikar Julius Cæsar i Central Park i 2017. Dette vart ei av dei mest omdiskuterte teateroppsetjingane i nyare tid i USA. Rolla som Cæsar, statsleiaren som i stykket vert myrda tidleg i tredje akt, vart spela i moderne klær av ein skodespelar med gulrotfarga hår. Han både såg ut og snakka som den nyvalde amerikanske presidenten. Shapiros innsidar-skildring av denne på alle måtar dramatiske oppsetjinga utgjer rammeforteljinga i den rykande ferske boka Shakespeare in a Divided America.
Kjønnsrollar, maskulinitetar og ekteskap mellom like og ulike
Shapiros historiske sveip gjennom 200 år av USAs historie blir formidla gjennom verknadshistorier. For Shakespeare vart sett opp og lese og vart ein ubestridd autoritet for alle, både for konservative og meir radikale. USAs sjette president John Quincy Adams var motstandar av slaveriet, men i 1835 viste den tidlegare presidenten at han var djupt uroa av Shakespeares skildring av heltinna Desdemona i Othello. At ei kvit kvinne kunne forelske seg og tilmed gifte seg med ein som var svart, var for Adams både unaturleg og umoralsk. Nokre år seinare, i skjebneåret 1845 då enorme hærstyrkar vart sendt til den meksikanske grensa, var det like før den unge offiseren Ulysses B. Grant kom til å spele nettopp Desdemona i det militære teatrets oppsetjing av skodespelet. Utfordringa i dette ekstreme mannsmiljøet var mangelen på kvinner som kunne spele kvinneroller. Den teater-interesserte Grant var, spebygd, og vart av samtidige venner skildra som ein ungpikeaktig mann som nesten snakka som ei kvinne. Dette var noko av det som gjorde at han seinare, som general og som USAs 18. president, vart avbilde som med skjegg i klassisk heltepositur.
Skildringa av Grant og det militære teateret som altså hadde det same behovet for menn som kunne spele kvinneroller som teateret hadde på Shakespeares tid, er spennande i seg sjølv. Men så viser det seg at same år, i 1845, hadde den amerikanske kvinnelege skodespelaren Charlotte Cushman stor suksess i rolla som Romeo på Shakespeares heimebane i London. Ho hadde allereie vist at ho var sjeldan dyktig til å spele både mann og kvinne i roller der kvinner forkler seg som menn, til dømes Rosalind i As You Like It og Viola i Twelfth Nigth. Cushman briljerte i også i rolla som Romeo. For å hindre at denne skildringa av kjærleik mellom to kvinner skulle bli oppfatta som upassande, vart Julie spelt av søstera hennar, Susan. I det skjulte hadde også Charlotte reist frå ein kvinneleg kjærast i USA. Akkurat som når det gjeld sprøsmålet om forholdet mellom folk av ulik hudfarge, kom ulike haldningar og førestillingar om maskulinitet og feminitet til syne og i spel i Shakespeare-oppsetjingane
Katalysator og kanarifugl i kullgruva
Shapiro viser at ved å sjå amerikansk historie gjennom Shakespeare-linser blir sentrale konfliktar i eit delt USA tydelege: Det gjeld spørsmålet om det ein i USA kallar rase, om forholdet mellom kjønna, kjønnsroller, ulike maskulinitetar og spørsmål om alt frå innvandring og trakassering til utruskap og partipolitikk. Shakespeare fungerer både som ein katalysator og eit fininnstilt måle-instrument for å få auge på kva som er i spel på den større scena, i eit USA som alltid har vore, men stadig meir framstår som delt og splitta. Den same Shakespeare som gav ekspresident Adams høve til å vise motstand mot ekteskap mellom kvite og svarte, fungerte i følgje Shapiro gjentekne gonger som kanarifuglen i kullgruva, som varsel og indikator på at noko trugande sto på spel.
Mest urovekkande i så måte er bokas rammeforteljing om oppsetjinga av Julius Cæsar i Central Park i New York i 2017.
Noko av det viktige for regissøren Oskar Eustis og medarbeidarane hans, som altså inkluderte Shapiro, var å vise fleirtalet av newyorkarar som var sjokkerte og skuffa over valet av ny president, at vald og attentat ikkje løyser noko problem. Dette er jo heilt i tråd med Shakespeares tragedie , som i stor grad handlar om korleis Brutus og dei andre attentatmennene blir nedkjempa. Under ei prøveførestilling tok ei frå publikum eit ulovleg opptak av scena der ein Trump-liknande Cæsar blir drept av skodespelarar med ulik etnisk bakgrunn. Dette opptaket vart spreidd i sosiale media og gjennom Fox News over heile landet. Karakteristisk nok blei det karakterisert som eit teaterstykke «frå New York», ikkje som eit stykke av Shakespeare. Mange vart sinte og handla for å hindre at offentlege pengar i framtida skulle støtte slik misbruk av ytringsfridomen. Flyselskap og bankar som hadde sponsa førestillinga vart pressa til å ta avstand frå stykket. Både skodespelarar og stab fekk dødstruslar. Trumps støttespelarar og nærmaste var tydelege i å ta avstand frå stykket og frå politisk teater i det heile. Sonen Donald junior sa til dømes at han lurte både på kor mykje av slik «kunst» som er betalt av skattebetalaranes pengar og når «kunst» blir politiske ytringar?
For norske lesarar som synst det er noko kjent med ordbruken her, er jo parallellen til det som skjedde då ein sambuar av den norske justisministaren i november 2018, filma frå oppsetjinga av Pia Maria Rolls Ways of Seeing på Black Box i Oslo og det politiske etterspelet det fekk, veldig tydeleg.
Shakespeare i pestens tid
Greenblatt og Shapiro har vore skoledannande i Shakespeare-forskinga ved å insistere på å lese stykka i sin historisk kontekst i vid forstand, ikkje berre ut frå samtidig litteraturhistorie. Dei trekker også inn den politiske, kulturelle, religiøse og vitskapelege samtidshistoria i tolkinga av dei ulike skodespela. Denne historiske-kontekstuelle lesemåten har dei demonstrert at også gir innsikter i møte med ei minst like kompleks og konfliktfull samtid som den vi lever i no.
Shapiros bok utkom i mars i år, i forkant av at teater og samfunn over heile kloden stengte ned på grunn av spreiinga av Korona-viruset. For oss som les boka på heimekontor i denne nye historiske situasjonen, er det naturleg å spørje seg kva innsikter som finst i Shakespeares tekstar, om korleis samfunn og enkeltmenneske opplevde liknande smittsame sjukdomsutbrot.
Det siste kapitlet i Shapiros viktige bok om Shakespeares produktive år 1606, handlar nettopp om pesten «the Plague» som igjen ramma London dette året. Shapiro går grundig inn på dette pestutbrotet, også fordi det kan vise når dei ulike skodespela vart spelt. For når dødstala vart høge nok, vart teatra stengt. Det er i dag ikkje vanskeleg å forstå spenninga som teaterfolk og andre kjente da dei følgde med på dødstalafrå dag til dag. Vart det registrert over tredve dødsfall ein dag, måtte teatra stenge. Og akkurat som vi kjenner frå vår nære samtid, gjekk tala opp og ned. Det var også grunn til å diskutere kor pålitelege dei offisielle registreringane var. Pesten dreidde seg altså om liv og død og om inntekter for så vel dramatikarar som skodespelarar.
På den bakgrunnen blir pesten ved første augekast relativt sjeldan omtalt i Shakespeares stykke. Shapiro forklarar dette fråveret av referansar delvis med at skodespel nettopp ikkje vart spelt då pesten herja som verst. Men det finst likevel referansar til pestutbrot i fleire av stykka Shakespeare skreiv i 1606, både i King Lear og i Macbeth, så vel som i oppfølgjaren til Julius Cæsar. I Antonius og Kleopatra seier nemleg ein soldat i forbifarten at situasjonen er håplaus «like the tokened pestilence/ Where death is sure».
For å forstå kva som skjer i dag under den verdsomspennande - og med eit Shakespeare-inspirert ord, globale pandemien - er det nødvendig å sjå nærmare på rolla populistiske statsleiarar verda over speler, i USA, så vel som i Brasil og Ungarn. Teateroppsetjingar av Shakespeares stykke kjem truleg ikkje utanom å vise korleis framstillingane av tyrannar og vanstyre stadig er aktuelle og nødvendige, dersom ein vil vise kva som står på spel. At ein då vil kome til å bli kritisert for å drive med politikk og ikkje «kunst», tilmed for skattebetalarane sine pengar, er sannsynleg og ikkje akkurat noko historisk nytt. Greenblatt og Shapiro sine nyaste bøker viser at slike historiske informerte teateroppsetjingar kan vise seg å vere nødvendig samtidsteater.
Rolv Nøtvik Jakobsen (f. 1957). dr.theol, førsteamanuensis TF, UiO,
bokmeldar i Vårt Land.
Sjå også for ei utdjuping dette perspektivet om forholdet mellom historiske tekstar og samtidskunst, artikkelen «Å kjenne tida på kroppen. Historiske romanar som samtidslitteratur» i Kirke og Kultur 2/2020, sidene 108-118. (I trykk)